Favorite Comment

Vinskvetten "No kjem dei tre siste..." (2009)

Vinskvetten "No kjem dei tre siste..." (2009) - Comedy Filmer 92 minutter. . Det starta på ein revy i 1975, då som ein parodi på Salhuskvintetten. 34 år seinare kan karane frå Rothålå sjå tilbake på ein utruleg karriere. Vinskvetten har selt over 140.000 plater, og det i hovudsak berre på Vestlandet! Tallause revyar har gått for fulle hus i Salhus, i Bergen og andre stader i vest. Men ingenting kan måle seg med showet "No Kjem Dei Tre Siste", som hausten '08 og vinteren '09 selde nærare 30.000 billettar! Showet var ei fantastisk oppsummering av karrieren til den kjende og kjære gruppa, som no visstnok har tenkt å legge inn årå for godt. Eller, som karane sjølve seier: - Vi har ingen vidare planar. Men ein veit jo aldri... Her får du heile suksess-showet frå Rick's Teater i Bergen, heile den usensurerte utgåva av tv-programmet "Livet i Rothålå" frå 1983 og masse ekstra bonusmateriale frå Salhus-gruppa si lange karriere.